ÅVK avgjorde i praksis torsdagens treningskamp i løpet av dei 16 første minutta. Då leia dei alt 3-0. Hareid var ikkje til stades og fekk bortimot ingenting til å stemme i 1. omgang. Etter pause vart det ein del betre. Då vann ÅVK berre 2-1, skriv hareidil.no.

ÅVK-spelarane viste i motsetnad til Hareidspelarane svært god vilje og guts i denne kampen, i tillegg til solide avslutningar og godt overgangsspel.

Åram/VanKam spelar ein divisjon under Hareid.

Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork - Nikolai Røyset, Joachim Moldskred, Ole André Kragset, Joar Møller - Nikolay Sundgot, Marius Rise, Tore Johan Ytre-Hauge, Kim-Tore Husøy - Georg Eikrem Olsen, Joachim Røyset.

Inn i pausen: Alexander Nevstad og Thor-Ove Brekke.

Dommar var Richard Martin Hunstad frå Hjørungavåg IL.