Medan Daniel Örlund og Erik Bråthen skal kjempe om å få vakte Rosenborg-målet, blir Alexander Hovdevik nytt tredjeval etter at Even Barli gjekk til Ranheim.

Hovdevik har vore i Rosenborg i tre år og stått mest i 3.-divisjon. Han er bl. a. fersk juniornorgesmeister for RBK. Han har førebels fått seniorkontakt med Rosenborg fram til sommaren.

Hovdevik har tidlegare spelt for Selje og Åheim.

Hovdevik har ambisjonar om å få spele for Rosenborg sitt tippeligalag på Lerkendal - og drøymer dessutan om å spele i Premier League i England.