Dei to ulsteiningane er dermed klare for verdsfinale som Norges beste par i si klasse. Den finalen går i Sør-Afrika i mai 2011. Der blir totalt 25 land representerte.

Øvrelid og Sunde Gjerde starta det heile med å vinne Sunnmøre Golfklubb si par-tevling.

Deretter vann dei regionsfinalen i Ålesund - og kvalifiserte seg til landsfinale i Brüssel i Belgia denne veka.

Og gutane kneip altså førsteplassen på fasjonable Golf Chateau de la Torunette.

*

Dei to har også gjort det skarpt i turneringa Nordea Pairs i år - der dei vart nr. 2 i landsfinalen i Moss.