Michael Karlsen er mellom favorittane til toppscorar-tittelen i 1. divisjon. Foto: Andreas Kleven Rasmussen/arkiv

Lågast odd gir dei Bodø/Glimt-spelaren Vegard Braaten, med 5 i odds. Braaten vart toppscorar med 18 mål i fjorårets 1. divisjon, då han var utlånt til Alta frå den belgiske klubben Lokeren.

Michael Karlsen kom til Hødd frå Rosenborg i november 2010, og vart mestscorande høddar med 16 mål i 1. divisjon 2011. Dette heldt til delt andreplass på toppscorarlista saman med Ranheims Jo Sondre Aas, som forøvrig får 8 i odds for å bli toppscorar. Det får også Start-spelaren Espen Hoff.