Dei 19 kontraktsbundne spelarane er som følgjer: Målvakter: Kim Deinoff, Vebjørn Skeide og Ørjan Håskjold Nyland. Forsvar: Mads Værnes, Sindre Eid, Fredrik Klock, Jan Rune Teigen, Finn Erik Stavseng, Oddbjørn Lie og Jon Erik Ertesvåg. Midtbane: Vegard Holand, Erik Sandal, André Nevstad, Steffen Oksnes Elde og Helge Edinsen. Angrep: Oddmund Vaagsholm, Eirik Hoseth, Joachim Magnussen og Anders Vaagen. Vi har tidlegare meldt at Ulrik Wingsternes, Torgeir Rusten og Ole Magnus Melchior ikkje får a-kontrakt. Fire andre unggutar - Eivind Michael Myklebust, Patrick Undli, Andreas Kurseth og Andreas Rekdal - er enno med, men om dei endar opp med å få kontrakt, er uvisst. Alternativet er å halde fram i talentutviklingsgruppa og spele 3-divisjonsfotball for Hødd2. Andre unge spelarar som har vist seg fram på a-laget i vinter er Simen Rasmussen, Vegard Heltne og Lasse Leirstad. Dei vil halde fram i talentgruppa.