Til inneverande sesong er det sett opp eit budsjett som reknar med eit litt lågare inntektspotensiale. Med utgangspunkt i eit overskot på 300.000 kroner satsar Hødd på å hente nærare 8,2 mill. på inntektssida. Det er vel 2 mill. mindre enn resultatet vart ifjor. Men reklame- og sponsorinntektene aukar likevel frå 4,3 til 5,1 mill. Det betyr at desse får ein auke del av Hødd si totale inntektsramme. Ungdomsgruppa i Hødd Fotball gjekk akkurat i balanse ifjor etter at både inntektene og utgiftene enda på ca. 1,7 mill. kroner. Gruppa satsar på å halde nivået i den komande sesongen ved å auke inntektsramma med vel 100.000,- kroner. Jan Arild Roppen ny leiar i hovudstyret Ved valet på nytt hovudstyre i IL Hødd tok Jan Arild Roppen over som ny leiar etter Erik Haakonsholm. Ny er også Atle Birger Flø som nestleiar. Han representerer Hødd Fotball i hovudstyret. Hovudstyremedlemar elles er Gunnar Johnsen (handball), Leif Ringstad (friidrett), Vidar Fosse (turn) og Lindor Bjørn Skeide (trim).