- Det er veldig kjekt at ting vart avklara såpass tidleg. Så er eg hundre prosent når sesongen startar, sa ein nøgd Lid Kleppe. Onsdag signerte mannen, som opprinneleg kjem frå Ørsta, ein 2-års kontrakt for Hødd. Han har tidlegare spelt for Ørsta og 2.divisjonsklubben Nest-Sotra, før han sommaren 2009 returnerte til Sunnmøre. Lid Kleppe var på prøvespel for Hødd ein liten periode i 2009, men til slutt enda han i Volda. - Eg fekk veldig gode tilbakemeldingar den gongen, men då var Finn her for eksempel. Dei følte dei hadde grei dekning då, fortel 22-åringen. Sjølv om han har spelt forskjellige stadar på banen før, er han heilt soleklar på at det er midtstoppar han er. - Eg har vore potet tidlegare, men eg er klart best som midtstoppar. Det er midtstoppar eg er, slår han fast. - Eg gler meg veldig til å kome i gong med fotball i 2.divisjon. Eg vil spele god og underhaldande fotball med eit godt fotballag, fortel Thomas, som legg til at Hødd er ein del meir fintspelande enn Nest-Sotra. Som dei fleste andre i Hødd er heldigvis målet for året klart. - Målet er opprykk, og eg skal gjere mitt for at vi skal få til dette. No skal vi trene godt, og så håper eg vi klarer å gjennomføre 26 gode kampar, avsluttar han.
- Trua på Thomas
Lars Arne Nilsen og Sindre Eid var strålande fornøgde med endeleg å ha Lid Kleppe i stallen. - Thomas har markert seg på treningane han har vore på, og har hatt ei god stigning. Vi har fulgt han lenge og sett han i Nest-Sotra (som forøvrig er moderklubben til Nilsen). Han har spelt godt i 2.divisjon før, og vi har trua på Thomas, kan Nilsen meddele. - Vi nærmar oss dobbel dekning på alle plassar, legg hovudtrenar Nilsen til. Assistentrenar Sindre Eid er kjapt ute med å ikkje avskrive andre. - Sjølv om Thomas er signert, har vi framleis trua på Anders og Ørjan (red.merkn. Gaustad og Engen Grimstad). Dei kjem etterkvart, og begge har fått klare utviklingsmål. Det er også ein lang sesong, og vi kan få skader, nikkar Eid. - Vi treng ein sterk tropp. Skal målet om opprykk slå til så treng vi det, og målet skal vi nå, seier den tidlegare Hødd-bautaen sjølvsikkert.