Referat: - Hødd står i 1. divisjon!

- No er eg berre veldig letta og glad. Dei siste minutta av Alta-kampen var heilt forferdelige, og eg kan ikkje skildre korleis eg hadde det. Det byrja bra for Hødd som fleire gonger tukta Bodø-Glimt. Det blei likevel ikkje scoring, utan at det var krisetilstandar. Resultata i dei andre kampane gjekk Hødd sin veg, og når Alta overraskande tok leiinga over Tromsdalen såg det veldig bra ut. Hødd var også fleire gonger frampå. Aller nærast var Kjell Rune Sellin etter ca. halvtimen. Han kom åleine foran mål frå skrått hald, la ut til Erik Sandal, men då rakk Glimt-forsvaret å summe seg og moglegheita ebba ut. I andre omgang byrja derimot nedturen. Etter ein times spel drog Daniel Berntsen seg fri utanfor sekstenmeteren og planta ballen utagbart bak Nyland i Hødd-målet. Då løsna det for heimelaget som ikkje gav seg før det stod 4-0. Då hadde i tillegg Bryne og Strømmen sigra i sine kampar. Plutseleg var det berre Hødd og Tromsdalen som var nedrykkskandidatar. Hødd slapp heldigvis med skrekken. Alta slo Tromsdalen 3-2 og dermed er Hødd klare for ein ny sesong i førstedivisjon. Til Lars Arne Nilsen si store glede. - Når det er så spennande og så små jamt vert det ekstra deilig når det går vår veg. Han meinte Hødd var fullt på høgde med Bodø-Glimt, men at det glapp når baklengsmåla kom. - Vi er gode i ein time. Betre enn dei spør du meg, og hadde vi scora ville kampen gått i vårt spor. Men mål pregar kampar, og når dei scorar misser vi fokuset heilt. At spelarane var oppdaterte på dei andre resultata letta ikkje akkurat på presset. - Spelarane fekk høyre det frå speakeren på stadion, så det var tøft ute på bana i dag.No er heldigvis alt det historie, i ein sesong utanom det vanlege. - Denne sesongen har vore ein av dei største snuoperasjonane nokon sinne. Det var den vanskelege andresesongen. Vi har stort sett unggutar veit du, og no har vi lært utruleg mykje. Vi har greidd å snu ein vond trend og endåtil kome til cupfinalen. Det er heilt utruleg at vi har greidd å gjennomføre med eit slikt press hengande over oss.No tek Hødd det med ro på treninga i morgon før dei legg slagplanen fram mot cupfinalen om to veker.