* Hareid har opna 4.-divisjonssesongen bra og har ni poeng etter fire rundar. Men morgondagens bortekamp mot Åram/Van.kam. blir nok tøff. Hareid manglar spelarar som Thor-Ove Brekke (truleg langtidsskadd), Antoni Gardshol, Ole André Kragset og Audun Øvrelid, men får tilbake stopparen Lars Andreas Dahlen Folkestad. Ola Kalvø Vattøy er med i troppen for første gong i år. Han har nyleg kome heim frå eit studieopphald på Bali. Så står det att å sjå om Vattøy får speletid mot ÅVK.

* Hasundgot har skuffa så langt i årets 5.-divisjon og står med null poeng og 0–12 i målskilnad etter tre rundar. Trøysta er at Åheim har gjort det endå verre. Dei står med null poeng 0–26 i målskilnad. Onsdag møtest laga på Åheim. Vi tippar Hasundgot får ei skikkeleg formutblåsing.