- Kontraktane deira går ut 31. desember, og slik det ser ut no blir dei ikkje fornya, seier Hødd-sportssjef André Nevstad til Vikebladet Vestposten.

Han understrekar at både Lala og Kazeem er kjekke karar som han har hatt kontakt med også etter cupfinalen.

Men slik vi forstår det er ingen av dei med i Hødd sine planar for kommande sesong.

Kazeem Ahmed kom til Hødd sommaren 2008, då laget sleit i botnen av Adeccoligaen. Han verka frisk og god i starten, men skadar øydela mesteparten av hausten hans i Hødd. Først i 2011 blomstra Kazeem igjen, og han spelte så godt i Adeccoligaen at tyrkiske TKI Tavsanli Linyitspor henta han.

Men opphaldet i tyrkisk fotball (nivå 2) vart ingen suksess, og seint i februar vende Kazeem tilbake igjen til Norge og Hødd. Denne sesongen gjekk meir eller mindre i vasken for kantspelaren grunna formsvikt og skadar. Totalt har Kazeem Ahmed scora 17 mål på 94 Hødd-kampar.

Elias Nonso Lala kom til Hødd like framfor denne sesongen. Han scora to mål tidleg på året, men har mesteparten av sesongen slite med lite speletid. Totalt enda Lala på 23 kampar og tre mål i Hødd-trøya.

Både Ahmed og Lala var involvert i cupen og vart dermed norgesmeistrar i år.

Les også:

* Kazeem har ikkje returbillett* Sterkt ønske om å bli Hødd-spelar* Hastar ikkje med logistikken

Kazeem Ahmed då han prøvespelte med Hødd sommaren 2008. Foto: Hans-Olav Rise
Elias Nonso Lala kom inn frå benken i NM-kvartfinalen mot FK Haugesund. Foto: Einar Orten Trovåg