Sandal sette inn 1-0 etter 38 minutt. Etter ei pasning frå Pål André Helland la nordfjordingen ballen perfekt til venstre for Ørjan Håskjold Nyland.

- Eg liker å kome i slike posisjonar. Og hadde eg fått ballen med Joa (Magnussen) seinare i kampen i liknande posisjon kunne eg ha avgjort det heile. Då hadde det berre vore meg og Nyland, seier Erik Sandal.

Deja vu

Då var det vel ti minutt igjen å spele, og like etterpå gjekk Sandal av bana grunna ein karamell i leggen.

- Skikkeleg irriterande, spesielt sidan forma er på veg, fortel 30-åringen.

Frå benken fekk Sandal sjå Magnus Wolff Eikrem knote inn 1-1 fire minutt på overtid.

- Eg var med på akkurat det same her mot AaFK for to år sidan. Motstandaren scora på det siste sparket. Det same skjer i dag. Og det er svært surt, seier ein svært skuffa Hødd-spelar.

- Viste god moral

Men han er alt i alt nøgd med innsatsen han og medspelarane la ned.

- Fotball handlar om dyktigheit og udyktigheit. I dag var vi akkurat ikkje gode nok mot eit bra Tippeliga-lag. Men eg trur det var ein kjekk kamp å sjå for dei nøytrale. Vi gjorde ein god figur og viste god moral. Vi kan absolutt gå ut av cupen med heva hovud, men no er altså eventyret over for denne gong, og det er kjedeleg, forklarer Erik Sandal.

Hødd hadde spelt ni cupkampar utan tap før kveldens vestlandsderby.

Imponert trenar

Trass i eit knapt tap let Hødd-trenar Lars Arne Nilsen seg imponere av spelarane sine.

- At vi legg ned ein slik innsats som i dag berre tre dagar etter ein seriekamp imponerer meg. Innsatsen var fantastisk. Når kampen går til straffespark er det små marginar som avgjer, og med tre bom så blir det som det blir. Eg er uansett stolt av at vi spelte ein så god kamp som vi gjorde. Vi hadde dei jo på gaffelen… Akkurat no er det veldig kjipt, seier Nilsen til Vikebladet Vestposten få minutt etter at det utrulege cupdramaet var over.

Les også:

* Hødd ute av NM

* -Ut med heva hovud