- Ein godt gjennomført kamp, vi skapar sjansane og kjem i overtal. Til å byrje med er gutane prega av spenning å nervøsitet, men vi vinn kampen og eg er veldig fornøgd, jubla trenar Kenneth Moldskred etter kampen. Trass i at det lenge stod 0-0 på Høddvoll var Hødd det beste laget, hadde dei omsett alle sjansane sine til mål kunne det blitt ein braksiger. Først ut var stortalentet Christian Mork, som etter berre åtte minutt kom åleine med keeper, avslutninga gjekk dessverre utanfor. Halvvegs i andre omgong skora Audun Scheide, men linjedommar var tidleg og korrekt oppe med flagget. Tre minutt før slutt var nemnte Mork frampå igjen, denne gongen med eit skot via tverrliggaren og ut. I andre omgong tok Hødd opp igjen tråden frå første halvdel. Nærast før skoringa var Martin Haanes med eit godt skot i frå 25 meter. Etter 75 minutt kom endeleg skoringa, Eirik Heltne spelte gjennom Thomas Aure som la inn til Audun Scheide som utan problem sette inn 1-0 til stor jubel for dei omlag 300 oppmøtte. To minutt etterpå kunne same mann auka på til 2-0 men keeper avverja til hjørnespark. Eit minutt før slutt fastsette Scheide sluttresultatet til 2-0, etter eit framifrå innlegg signert Martin Haanes heada han ballen trygt i mål.

God fotballveke

Etter kampslutt var dagens matchvinnar i godt humør. Scheide ser også moglegheitene for eit nytt cup-eventyr. - Målet er heilt klart å nå like langt som sist, men det blir minst like tøft i år å kome seg vidare. Scheide meinte lagets innsats vart betre etter kvart som tida gjekk. - Det kom seg utover i kampen, bra innsats i dag. Trenar Moldskred ser ikkje på kor langt laget kan nå som ei problemstilling. - Det er i grunnen uinteressant, vi må ha fokus på alle kampane, men sjølvsagt når cup-kampane kjem gjer vi alt for å vinne. Moldskred oppsummerar og fotballveka som ei svært fornøyeleg affære. - Tre sigrar på tre kampar er vi veldig fornøgd med.