- Vi må sjå om vi får tak i noko brennevin, eventuelt Sambuca. Det hadde vore godt med litt karsk. Vi må halde dei trønderske tradisjonane ved like, veit du. Kvelden skal bli like uforgløymeleg som kampen, sa  Pål André Helland då vi møtte han etter banketten på Ullevaal.

Klokka var då ca. 17.45 og Hødd-spelarane hasta vidare for å rekke flyet heim.

- Punkt éin no er å få tak i mat. Eg er heilt tom. Eg er nær ved å svime av, fortel Helland.

Som scora eitt av dei fire Hødd-måla under straffesparkkonkurransen. Det siste stod innbytar Andreas Rekdal for.

- Straffe er mål. Sånn skal det vere. Om det så hadde vore Kjetil Rekdal som kom inn så hadde han scora. Så eg var ikkje bekymra for Andreas, smiler Pål André Helland.

Han har kontrakt med Hødd vidare. Og det kan bli spennande. Hødd skal delta både i Copa del Sol og Europa-ligaen neste sesong.

- Det er stort at vi er eitt av fire norske lag som skal spele Europa-cup. Ei fantastisk bragd for klubben, meiner Helland, før han hastar vidare.

Kjell Rune Sellin scora Hødd sitt 1-0-mål etter 62 minutt og jobba som ein galleislave til han vart tatt av bana litt ut i 1. ekstraomgang.

Sellin: - Heilt utruleg

Vi møtte ein stressa trønder før banketten, som vi også måtte hjelpe han med å finne fram til.

- Heilt utruleg. Kjenslene eg sit med no er heilt utrulege. Eg er stolt av laget og meg sjølv, seier Sellin.

- Trudde du at målet ditt ville gi siger?

- Vanskeleg å seie. Tromsø var farlege både før og etter målet mitt, smiler trønderen.Som også vart norgesmeister med AaFK i fjor.Men då kom han aldri på bana.