Hødd spelte ein god kamp og vann til slutt 3-1 over Langevåg som ligg klart sist i 3.divisjon. Hødd var best frå start, men trass i mange sjansar og godt spel, var det Langevåg som tok leiinga. Etter 23 minutt heada Mats Nordstrand Langevåg i føringa etter ein godt slått corner. Hødd utlikna til 1-1 ved Kazeem Ahmed etter eit flott volleyskot etter 33 minutt. Etter pause heldt Hødd fram med å presse og bortelaget hadde mange sjansar. Det såg lenge ut til at det blei poengdeling, men etter 85 minutt scora innbyttar Jørund Widnes Johansen. Martin Haanes spelte Widnes Johansen gjennom og innbyttaren sette ballen frekt mellom beina på keeper. Berre minuttet seinare punkterte superinnbyttaren kampen etter eit flott innlegg frå Andreas Sørgård Olsen. Laget: Ørjan Håskjold Nyland - Bjørn Vikanes, Torgeir Skeide, Anders Gaustad, Ruben Kenneth Brandal - Sivert Heltne Nilsen, Bendik Torset, Eirik Heltne, Kazeem Ahmed - Christian Mork, Audun Scheide. Jørund Widnes Johansen, Martin Haanes, Thomas Aure, Preben Sætre, Andreas Sørgård Olsen
Sport →
Hødd 2 vann 3-1 over Langevåg
Hødd 2 spelte ein god kamp mot Langevåg og med 3-1 siger leiar dei no 3.divisjon.