Eit noko redusert Hødd-lag har denne helga teke turen til Trondheim for bortemøtet med Byåsen. Mot eit lag som ikkje har vunne sidan dei var på Høddvoll i sommar, er det likevel Hødd som må sjåast som favorittar.

Likevel reiser laget til Trøndelag utan suspenderte Torbjørn Kallevåg og Bendik Torset, i tillegg til at både Didrik Sereba og Robin Shroot mistar kampen grunna skade.

Kampstart er 14:00 og vi følgjer kampen her på Vikebladet.no