I snitt har Hødd selt 1 567 billettar og sesongkort til dei sju første heimekampane i år. Det er i snitt ti billettar og sesongkort færre enn snittet totalt i 2013 på 1577.

Så langt i år har Hødd selt 10 972 billettar til heimekampane. Etter sju heimekampar i fjor var det tilsvarande talet 11 168.

Uansett er det berre fire lag i 1.-divisjon som har betre publikumssnitt heime enn Hødd.

Les meir på Hødd si nettside.

NB. Vi veit ikkje kor mange som faktisk er til stades på kampane, sidan unytta sesongkort også er inkluderte i tilskodartala.