1. omgang:

Tromsø hadde det spelemessige overtaket det første kvarteret, medan Hødd låg lågt i bana og forsvarte seg godt. Likevel var det Hødd som kom til kampens einaste sjanse denne perioden. Fredrik Aursnes slo eit frispark som gjekk forbi flokken i feltet. Ballen gjekk til ein einsam Joakim Wrele, men sjansen kom kanskje litt brått på - og avslutninga frå skrått hald gjekk utanfor.

Etter Tromsøs gode periode tok Hødd over initiativet, men dei kom ikkje lengre enn til nokre dødballar og lause skot. Typisk nok scora Tromsø på sin første sjanse i kampen. Etter eit hjørnespark frå venstre signert Thomas Drage stod Remi Johansen umarkert inne i feltet og flikka ballen enkelt i mål. Dermed 0-1 etter 35 minutt.

Omgangen var i det heile ganske tamp og det skjedde heller ikkje meir inn mot pause.

2. omgang:

Joachim Magnussen fekk ein OK sjanse i det 51 minutt, men headinga etter eit Aursnes-frispark vart for svak.

Tromsø sprudla sjeldan på Høddvoll, men dei takka ja til dei gåvepakkane dei fekk. I det 56. minutt var både Ingebrigtsen og Wrele (sikkert fleire også) passive før Magnus Andersen sette ballen i det lengste hjørnet frå om lag 18 meter.

Etter 0-2 såg det ut som Tromsø såg noko nøgde ut med situajsonen. Hødd sende innpå Espen Standal og la om til 4-4-2. Etter 65 minutt var Magnussen nær scoring etter eit flott forarbeid av Sveen, men headinga gjekk til side for mål. Fire minutt seinare rulla Hødd opp dagens flottaste angrep. Ballen gjekk frå Aursnes til Magnussen til Rekdal før Espen Standal kom åleine mot TIL-keeper Lekström. Men avslutninga gjekk i sistnemnde og til corner.

Det siste kvarteret hadde Tromsø meir eller mindre full kontroll. Zdenek Ondrasek rundlurte Ruben-Kenneth Brandal og hamra ballen i vinkelen og over etter 79 minutt.

Bortelaget vann 2-0. Og sjølv om nordlendingane ikkje skapte allverda verka dei som eit såpass mykje betre lag at det var greitt nok. Hødd klarte ikkje å følgje opp innsatsen og strukturen frå 1-0-sigeren mot Bærum tidlegare i veka.

Kampfakta1.-divisjon runde 12Hødd – Tromsø 0-2 (0-1)HøddvollTilskodarar: 1602 selde billettar og sesongkortMål: 0-1 Johansen (35), 0-2 Andersen (53)Dommar: Steinar Hauge, Djerv SKGule kort: Aursnes (Hødd), Antonsen (TIL)Hødd (4-5-1): Jan-Lennart Urke – Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist (K), Steffen Moltu, Ruben-Kenneth Brandal – Ole Amund Sveen, Bendik Torset (Espen Standal 61), Joakim Wrele, Fredrik Aursnes, Vegard Heltne (Andreas Rekdal 34) – Joachim Magnussen (Robin Hjelmeseth 87)

Sjå våre liveoppdateringar frå kampen: