I Bergen 31. mai og 1. juni var det årets andre norgescup. Det var ein stor konkurranse, med heile 190 jenter og 70 gutar som deltok. Hareid stilte med to gymnastar, Helene Marie Kvalsund (18) og Julie Kristin Kvalsund (16). På grunn av mange deltakarar vart deltakarane delte i to puljer og det vart utført to apparat på laurdag og to på søndag. Grunna eksamen fekk ikkje jentene frå Hareid delta på premieutdeling pga. tidleg heimreise. Det var ein god konkurranse for begge utøverane frå Hareid. Helene Marie Kvalsund (18) fikk ein sterk tredjeplass, berre 0.05 poeng bak andreplassen. Julie Kristin Kvalsund kjørte si beste konkurranse og tok personleg rekord i fleire apparat denne helga. Begge utøverne har vist stor framgang den siste tida, og vi gler oss til å følgje dei vidare. No har vi ein sommar med mykje trening fram til konkurransene i haust.