Dei siste kretsrenna i alpin vart arrangert på Strandafjellet palmehelga, og det var stor deltaking frå heile krinsen. Det var både solskinn og pudder forhold denne dagen.
Det vart arrangert parallellslalåmrenn laurdag, men dette rennet var ikkje poenggjevande i cupen.
Bendik Åmbakk og Anny Molvær vant Sparebanken Møre Cup samanlagt i klasse 11-12 år, og voldajentene Oda og Ida Brenne kom på 2. og 3. plass. I klasse 15-16 år kom Sondre Åmbakk og Eirik Åmbakk på 2. og 3. plass. Markus Åmbakk var nr 2 i herrar jr1 i Sparebanken Møre cup totalt.
I tillegg til løparane som fekk pallplass i Sparebanken Møre cup totalt, deltok Tuva Øy i klasse 9 år, og dette var ei konkurranseform som ho likte godt. Trym Øye tok ein 3. plass i gutar 13-14 år, og Håkon Øyehaug Moe var med å pressa løparane hardt i denne løypa.
I klasse jenter 11-12 år deltok Lea Amundsen og Emma Ulstein frå Ulsteinvik som representerer Ørsta IL.
Storslalåm
Søndag vart det arrangert storslalåmrenn, og det deltok løparar også denne dagen både frå Åmdal, Volda og Ørsta alpin.
Anny Molvær fekk 1. plass og Mabel Borgen Varpen vant ein 3. plass. Bendik tok ein solid seier i klasse 11-12 år. Sondre tok ein 3. plass 15-16 års klassa i dette rennet.
Løparane i dei lokale klubbane har hatt flott framgang denne sesongen, og ein ser at alle løparane gjennom fleire treningsøkter får betre grunnteknikk, og er dermed meir stabile når det vert satt krav til høg hastigheit og tempo.
2. påskedag er det siste Opel Cup på Ørsta skisenter, og det vert også arrangert klubbmeisterskap denne dagen.
Det vert meldt frå Ørsta skisenter om fortsatt gode og faste skiforhold på Bondalseidet, og alpinistane oppmodar folk om å kome seg ut og opp på fjellet for å nyte påska der. Ski, kvikk lunsj og appelsin høyrer påska til. Stolheisa går kvar dag, og dette er ei flott moglegheit til å kome seg på topptur også for dei som ikkje er så stødige på ski.