Naturlegvis er det Karsten Warholm det vert stilt størst forventningar til i forkant. Han skal delta i høgde, lengde, 3-steg og 110 meter hekk og er ein sjølvsagt medaljekandidat i alle øvingane. Men etter å ha treft perfekt med formtoppen då han vann 8-kampen i U18-VM i Ukraina i mai, blir det spennande å sjå korleis Warholm har tatt vare på den gode forma.
– Eg er litt spent på Karsten med tanke på belastninga han har hatt tidlegare i sesongen og om han klarer å treffe ein ny formtopp, forklarer Dimna-trenar Arve Hatløy.
Overvåg medaljefavoritt
– Det same gjeld Henrik Overvåg, men begge har sett veldig bra ut på trening, held han fram.
Overvåg sprang 200 meter i U20-EM i Italia den 19. juli, men gjekk ikkje vidare til semifinalen. I Overhalla er han medaljefavoritt på både 100 og 200 meter. Elles er det på gutesida Tobias Våge (110 m hekk, 100 m), Hallbjørn Hasund Thorseth (110 m hekk, 400 m hekk), Kristian Dragsund Mork (110 m hekk) i tillegg til 16-åringen Joakim Sundgot Gustavsen som skal delta for Dimna IL. Sistnemnde sprang seniorstemne mot mellom andre Henrik Ingebrigtsen måndag. Han kom inn på den sterke tida 1.57.71 på 800 meter (sjå eiga sak). Men ungguten er truleg ikkje medaljekandidat utan at han persar seg med 3–4 sekund, ifølgje trenaren, som presiserer at dei beste konkurrentane er nokre år eldre.
Tøft nivå på kvinnesida
På jentesida vil Jenny Stokkevåg Berg truleg ha som målsetjing å kjempe om finaleplass på 800 meter. Marte Mjøen Berg (400 m hekk) og Renate Grimstad (100 m hekk og lengde) er begge i U23-klassen og vil difor konkurrere mot seniorar.
– Nivået er nok tøft i denne klassen ja, spesielt på 100 meter hekk, men jentene kan kjempe om medalje på ein god dag, seier Hatløy.
Ifølgje trenaren har oppkøyringa vore veldig positiv, og klubben reiser til Nord-Trøndelag utan skader, og med ein tropp i fin meisterskapsform.