- Denne sigeren var veldig viktig. Vi kan klatre eit stykke oppover på tabellen i eliteserien, men vi kan ikkje vinne han. Vi kan også gå vidare i Europa, men dette er trofeet vi kan vinne i år, sa ein smørblid Solskjær til Vikebladet Vestposten medan han skreiv autografar til fansen utanfor Høddvoll.

- Eikrem som Scholes

Den tidlegare Manchester United-angriparen kalla cupkampen ein thriller, og skrytte av moralen Molde-spelarane viste då dei kom tilbake i kampen akkurat i det tilleggstida var i ferd med å gå ut.

- Eg sette opp Even (Hovland) som spiss for å få meir trykk i boksen. Og endeleg, like før tilleggstida var ute, klarte Magnus) Eikrem å setje inn målet som ordna ekstraomgangar. Slike løp har han frå læremeisteren Paul Scholes, smilte Ole Gunnar Solskjær.

- Tippeliga-nivå

Han meinte at Molde eigentleg hadde full kontroll i andre ordinære omgang, men at dei sleit med å skape dei heilt store sjansane – før Eikrem dukka opp i siste liten.

- Vi hadde også bra kontroll i 1. omgang, men så dukka Helland (Pål André) og Sandal (Erik) opp og ordna 1-0 til Hødd på deira første sjansen. Begge dei to spelarane held Tippeliga-nivå, skrytte Solskjær.

God Nyland

Ein annan han brukte endå meir tid på å rose var tidlegare Hødd-keeper Ørjan Håskjold Nyland, som redda straffesparka til både Andreas Rekdal og Victor Grodås – i tillegg til å stå ein god kamp elles.

Den same Nyland var banens beste spelar då Hødd slo Tromsø i fjorårets cupfinale.

- Ørjan har utvikla seg veldig. Han har mentaliteten til å vere god i dei store kampane og er viktig for lagets tryggleik. Han var mange gonger ute i feltet for å bokse ut, og sjølv om han gjorde det éin gong til heldt han fram med å gå ut. Det same skjedde vel då Ørjan spelte for Norge U21 mot Russland i februar, sa Ole Gunnar Solskjær til lokalavisa.

Til Isreal

Ørjan Håskjold Nyland sluttar seg no til U21-troppen som skal spele EM i Isreal. Kven som blir lagets førstekeeper veit vi ikkje enno, men dei fleste tippar på den 22 år gamle voldingen.

- Eg tek ikkje ut U21-laget, men hadde eg gjort det er det ingen tvil om at Ørjan ville vere førstekeeper, seier Molde-trenar Solskjær.

Trekninga av 4. NM-runde skjer direkte på NRK søndag kveld.

Desse 13 laga er klare for runden: Molde, Rosenborg, Tromsø, Alta, Bodø/Glimt, Ranheim, Sogndal, Mjøndalen, Bryne, Vålerenga, Lillestrøm, Odd Grenland og FK Haugesund.

I kveld blir 3. runde fullført med desse kampane: Stabæk - Fredrikstad, Fløy - Start og Kongsvinger-HamKam.

Les også:

* Sandal nesten cuphelt* Törnqvist deppa, men stolt* Slik var cupdramaet

Ole Gunnar "Sunny" Solskjær strålte etter kampen, her saman med Pål André Helland og Ørjan Håskjold Nyland. Foto: Per Werkland