I 2015 hadde jenter 16 år og damelaget ei felles treningsgruppe som vart leia av Venthan Ketheeswaran og Fredrik Andresen.

No har dei to karane tatt på seg å vere hovudtrenarar for gruppa også i 2016, opplyser fungerande leiar i sportsleg utval, Vagn Scheide Mork til Hareid IL sine nettsider.

Der går det også fram at det skal inn minst to hjelpetrenarar, medan Gry Håberg skal vere lagleiar for J16-laget, og Arnhild Åsmo Bigset held fram som lagleiar på damelaget.

No håpar trenarane på å kunne lokke til seg endå fleire spelarar før 2016-sesongen. Til Hareid IL sine nettsider seier Venthan og Fredrik:

- Vi treng fleire damespelarar, og det er berre å ta kontakt dei som er interesserte. Oppkøyringa startar offisielt over nyttår. Fram til jul blir det for det meste innetreningar for dei som vil.