Frå 15. til 19. august arrangerer Dimna IL idrettsleikar på Høddvoll. Der får barn i alderen 6 til 12 år gjere seg kjende med ulike friidrettsøvingar, gjennom ei veke med mykje aktivitet.

- Det blir innslag av løp, hopp, kast, samt leik for utvikling av balanse og motorikk i tillegg til ballspel og andre aktivitetar, skriv Dimna IL i invitasjonen til idrettsleikane.

Dimna IL skriv også at idrettsleikane har vore svært populære tidlegare, og oftast fullteikna lenge før påmeldingsfristen går ut.

Les også: - Ein smakebit på friidretten (frå idrettsleikane i 2015)