Tempoet var høgt, presisjonen var stor og det meste stemte då Didrik Sereba sette inn 1-1 på Ranheim Arena, etter ei mønsterkontring for Hødd. Men sjølv om kantspelaren var nøgd med scoringa, så hadde det smakt betre å få med seg poeng tilbake til Ulsteinvik.

- Absolutt. Det er ei god kjensle å score, men det fell litt i skuggen av tapet. Det hadde vore mykje betre å få med seg ein siger.

Hødd dominerte lenge banespelet i den første omgangen, men det var Ranheim som gjekk til pause med 1-0. Med Sereba si scoring vart kampen heilt open att, men Hødd fekk ikkje med seg fleire scoringar, og i staden kunne Robert Stene sette inn den avgjerande 2-1-scoringa.

Må angripe meir

- Etter scoringa utnyttar ikkje vi momentet godt nok. Vi slepp Ranheim for lett inn i kampen igjen. Spelet vårt går ut på at vi skal ha ballen ein del og akkurat det er vi nok ganske nøgde med, men vi må nok skape meir og fleire sjansar enn det vi gjer. Det er noko vi kjem til å jobbe med, men det er klart at vi må angripe endå meir. Vi må kombinere det å skape nok sjansar med å ha ballen mykje, meiner Sereba.

Spelaren som kom frå Follo etter 2015-sesongen synest hans første start i Obos-ligaen for Hødd gjekk greit, men at det var surt å kome derfrå med tap.

- Eg kjenner meg i form og synest eg gjer ein heilt ok kamp. Eg kjenner meg bra framom denne sesongen, seier Sereba.