Torsdag om ei veke spelar Hareid årets første seriekamp i 4.-divisjon, og denne veka finpussa laget forma før seriestart med kamp mot divisjonskollega Larsnes/Gursken heime på Hareidsmyrane.

LGFK hadde vunne alle sine fem treningskampar denne vinteren, men gjekk på ein solid smell borte mot Hareid. Heimelaget gav seg ikkje før dei hadde scora fem gongar, medan sandssokningane måtte nøye seg med ei scoring.

Det var likevel Larsnes/Gursken som kom best igang og leverte kampens første halvsjanse etter fem minutt. Bortelaget hadde ballen mest i opningsminutta og det såg ei stund ut til at Hareid kunne få ein tøff kamp, men frå halvvegs i den første omgangen og fram til pause stemte det meste for heimelaget.

Det heile opna med at Thor-Ove Brekke gjorde ein kjempejobb i angrep, jaga ein ball og vart felt i duell med ein forsvarar og keeper. Det ville truleg gitt frispark til Hareid om ikkje ballen hadde gått vidare til Runar Stranden. Han kunne enkelt plassere inn 1-0 til Hareid.

Få minutt seinare var Robin Jackson Indreflø svært nære ved å sette 2-0 på ein overgang, men avslutninga vart redda til corner. Då fekk Indreflø scoringa si, då han var på rett plass til rett tid og sende ballen i mål etter ein duell.

Og no losna det verkeleg for Hareid. Etter 33 minutt spelte Ruben-Kenneth Brandal ein flott stikkar til Jon André Thue som vakkert lobba ballen over keeper og inn i det tome målet til 3-0.

Hareid hadde fleire sjansar til å score sitt fjerde inn mot pause, men målet kom først like før kvilen då Thor-Ove Brekke leverte dagens flottaste mål med eit fint skudd. 4-0 til pause for eit effektivt Hareid-lag.

Brekke var også på plass eit knapt minutt etter pausen og sette sitt andre for dagen etter eit fint innlegg. 5-0 til Hareid som ikkje trengte meir enn 7-8 sjansar på å score dei fem måla.

Både i pausen og utover i den andre omgangen gjorde Hareid fleire byte, og det gjorde også noko med rytmen i kampen. Utover i den andre omgangen var det mindre flyt over angrepsspelet til Hareid, og det blei lenger mellom sjansane. I staden kom LGFK seg til nokre fleire moglegheiter, mellom anna eit skot i tverrliggjaren.

Til slutt skulle bortelaget også få reduseringa si, men sjølv om LGFK hadde sjansar til å score meir enn eitt mål, så blei det til slutt årets første tap og det med fire måls margin. Ei solid generalprøve for Hareid sin del.

Hareid serieopnar borte mot Skarbøvik.

Hareid:

Fredrik Lonbakken (Sigve Overå Hide 56) - Venthan Ketheeswaran, Simon Holstad Grimstad, Lars Roar Holstad, Ole André Kragset (Nauris Driksna 46) - Torgeir Skeide, Ruben-Kenneth Brandal (Eiliv-Tore Howlid 56), Jon André Thue (Alexander Nevstad 46) - Runar Stranden, Thor-Ove Brekke (Hiwa Alipoor 56), Robin Jackson Indreflø (Fredrik Andresen 46)