Heimelaget tok leiinga i det 16. minutt då Hødds midtstoppar Fredrik Klock sette ballen i eige nett. Like før pause dobla Rune Bolseth leiinga. I andre omgang dalte kampen i kvalitet, men innbytar Mats Solheim sørga for å fastsette sluttresultatet til 3-0 med si første ballberøring kvarteret før full tid. Kampen skulle eigentleg ha vore spelt laurdag, men for at Sogndal skulle få bruke ein del landslagsaktuelle spelarar vart han framskunda til fredag.