Assistent-trenar Sindre Eid lovar full innsats frå hødd-spelarane i dag. Foto: einar o trovåg

Men mot Levanger lovar han eit heiltent mannskap, klare til å snu motgangen.

- Vi er ikkje fornøgde med starten av sesongen. I Steinkjer presterte vi under pari, mot Oslo City har vi eit sterkt resultat mot eit lag vi trur vil overraske denne sesongen. Og sist helg mot Skeid spelte vi eigentleg ein god kamp - laget kjempa, og blødde for drakta, men laga ikkje mål.

Etter ei fenomenal oppkøyring til sesongen med gode resultat mot sterke lag var det mange Hødd-hjarte som gleda seg til sesongen. Etter tre kampar står Hødd med tre poeng, og for eit lag med store ambisjonar er dette langt i frå godt nok.

Eid avviser likevel at Høddspelarane slit med prestasjonsangst.

- Vi må takle presset, i vinter var vi ikkje for gode. Vi gjentok prestasjonane våre kamp etter kamp, men det er sjølvsagt annleis å spele seriekampar der det står om poeng.

Mot Levanger laurdag er Hødd sitt mannskap framleis ikkje skadefritt. Oddbjørn Lie er usikker til kampen, men har vore med på dei siste treningane denne veka. Helge Edinsen har vore plaga med sjukdom heile veka, men blir kanskje frisk til laurdagens kamp.

- Vi stiller eit lag med friske spelarar og vi skal gå ut som kanonkuler, lovar ein optimistisk Eid.