Topplaget Hødd 2 var måndag vertskap for eit Rollon-lag som ikkje har fått det til denne sesongen. Før oppgjeret på Høddvoll var Rollon heilt nede på ein niandeplass.

Det såg likevel ikkje ut til å vere altfor stor forskjell på førsteplassen og niandeplassen i opninga på kampen. Vel var Badr Rahhaoui nære ved å gje Hødd leiinga allereie i første speleminuttet, men bortelaget skapte også sjansar og hadde to gode moglegheiter i løpet av dei første fem minutta.

Opninga på kampen var jamn, men det var heimelaget som tok leiinga etter 17 minutt. Andreas Breimyr snappa eit svakt tilbakespel, fekk med seg at han hadde støtte, og spelte Badr Rahhaoui åleine med det opne målet.

Målscoraren var igjen i fokus fire minutt seinare, men då for eit av sesongens klaraste gule kort. Han blei hengande i drakta på ein motspelar i lengre tid. Dette irriterte Rollon-spelaren, som svara med å lange ut etter Rahhaoui. Dommar Richard Olsen løyste det med å gje gult kort til begge.

Hødd 2 hadde ballen i nettet etter ein halvtime på Høddvoll, men linjedommaren meinte Eirik Franke Saunes var i offside då han tok imot ballen og målet vart annullert. I staden gjekk Rollon rett i angrep og sette inn 1-1 på eit fint skot frå Nikolas Hay.

Hødd 2 var nære ved å gå til pause i leiinga. Andreas Breimyr tvinga mellom anna fram ei god redning frå keeper på eit frispark frå 20 meter, men det stod 1-1 etter første omgang. Heimelaget hadde nok eit lite overtak, men det gjekk ofte for seint framover.

Store sjansar

Andreomgangen heldt på å starte perfekt for Hødd 2, med fine kombinasjonar på høgresida før Rahhaoui vart sendt på løp mot linja. Han tok med seg ballen og såg ut til å prøve på ei avslutning frå nesten død vinkel, men ballen gjekk på tvers over heile feltet og ut på andre sida. Hødd 2 heldt fram med å angripe, og Peter Hasund var nære ved å sette inn 2-1 kort tid seinare, men skuddet frå innbyttaren gjekk like på utsida av stolpen.

Deretter var det Rollon sin tur til å gå i angrep, og Hødd 2 var heldige som ikkje måtte plukke ein ny ball ut av nettet etter avslutninga frå Torkild Rørvik.

Innbytar Peter Hasund var igjen nære ved å score for Hødd 2 etter 59 minutt. Eirik Franke Saunes slo ein bra corner, og Hasund var åleine på bakarste stolpe, men fekk ikkje hovudet på ballen.

Men så skulle Hasund lukkast. Andreas Breimyr tok eit kjapt frispark til Hasund, som sette fart mot forsvaret, tok seg forbi ein mann og sende ballen i lengste hjørnet bak Rollon sin keeper. Ei flott scoring av Hasund og fortent leiing etter opninga på den andre omgangen.

Rollon var uhyre nære ved å utlikne umiddelbart. Dei fekk frispark ute på venstresida, slo godt inn framom mål og fekk avslutta frå kort hald, men eit tigersprang frå Sivert Pieroth hindra scoring.

Magnus Myklebust var ivrig på topp for Hødd 2, og var nok lysten på å få med seg ei scoring. Etter 67 minutt fekk han sjansen frå skrått hald, men den tidlege avslutninga gjekk eit stykke over mål.

Nærare kom Andreas Breimyr etter at han vart spelt opp på venstresida, kom seg innover i 16-meteren med ballen og blåste ballen i stolpen og ut. På returen banka William Fjørtoft ballen langt over mål.

Sein scoring

Med femten minutt igjen på klokka burde Håkon Botn Brautaset ha sett inn 3-1. Han fekk eit flott innlegg frå høgre, men på ope mål sette han ballen over. Ein gedigen sjanse for Hødd 2.

Peter Hasund var også nære ved å sette inn sitt andre tre minutt før slutt. Hødd 2 leverte flott spel, før Andreas Breimyr pirka ballen inn til Hasund som avslutta på direkten og tvinga fram ei god redning frå Rollon sin keeper.

Siste kvarteret skapte ikkje Rollon særleg. Hødd 2 tok også færre sjansar framover, men heldt fram med å skape farlegheiter. Mellom anna var Håkon Botn Brautaset nære med eit skudd frå 17 meter, men avslutninga gjekk halvmeteren over mål.

Tre minutt på overtid sette Sander Djupvik inn 3-1. Avslutninga var ikkje den beste, men den sneik seg inn ved lengste stolpen og Hødd 2 sikra dermed ein fortent siger mot Rollon.

Full kontroll etter pause

Trenar Sander Håskjold Nyland meiner Hødd sleit litt i opninga, men at ein løfta seg og tok kontroll over kampen etter kvart.

- Det skjer likevel noko utover i førsteomgangen, der vi inviterer Rollon litt inn i kampen. Det er ikkje noko å seie på at dei får eit mål, for Rollon var gode på den måten dei spelar på.

Håskjold Nyland meiner Rollon har løfta seg sidan laga møttest i vår, men synest også Hødd 2 var det klart beste laget etter pause.

- Då har vi eigentleg full kontroll. Dei har eit par sjansar, men vi er gode i etablert angrep der vi klarar å sette opp mange gode angrep etter kvarandre. Med litt meir effektivitet så hadde vi scora fleire mål. Eg synest også vi har ok kontroll defensivt, sjølv om dei har nokre farlegheiter, og dei kjem eigentleg på ting som vi gir dei, seier trenaren.

Han meiner rekruttane leverte bra i periodar, men ønskjer at dei skal klare å gjere dei gode periodane endå lenger i tida framover.

- Det er det vi strevar mot, og sjølvsagt ønskjer vi å gjere dei svake periodane kortare. I dag får vi tre poeng på ein middels dag, og det må vi vere greitt fornøgde med.

Allereie fredag skal Hødd 2 ut i ny kamp. Då borte mot Norborg. Med kort tid mellom kampane og med A-lagskamp borte mot Nardo til helga blir det truleg ein del endringar i troppen.

Kampfakta:

Hødd - Rollon 3 - 1 (1-1)

Høddvoll

Dommar: Richard Olsen, Åmdal IL

Gule kort Hødd 2: Badr Rahhaoui

Mål: 1-0 Badr Rahhaoui (17), 1-1 Nikolas Hay (30), 2-1 Peter Hasund (53), 3-1 Sander Djupvik (93)

Hødd 2: Sivert Pieroth - Aleksander Rekdal (Peter Hasund 45), Jesper Törnqvist, Preben Sætre - Isak Haanes (William Fjørtoft 61), Elias Flø, Eirik Franke Saunes, Andreas Breimyr, Johannes Sundgot (Sander Djupvik 81) - Badr Rahhaoui (Håkon Botn Brautaset 62) - Magnus Myklebust.