Trenarane let 16 av dei17 tilgjengelege spelarane spele éin omgang kvar. Laget var ikkje toppa fråstart av. Vartdal er eit topplag i 5.-divisjon og gjorde ein grei prestasjon påHareid stadion, men vi sat med ei kjensle av at mange heimespelarar spelte påtre kvart maskin.
Vartdal kom best i gangog hadde alt brent ein sjanse då dei tok leiinga etter sju minutt. Ein blåkleddspelar sneik seg mellom Joar Møller og Håkon Lonbakken før han scoraenkelt.
Hareid heva seg og kunnetatt leiinga då Emil Johannes Dahlen Folkestad ikkje fekk avslutta skikkelegetter eit fint innlegg frå Fredrik Andresen. Men allereie etter 12 minuttutlikna Folkestad. Feltet var tettpakka av spelarar etter ein dødballsituasjon.Folkestad fekk plassert ballen i lengste kryss frå kort hald. Like etter kunneHiwa Alipoor ha auka leiinga, men han skaut utanfor.
20 minutt var spelt dåVartdal tok leiinga igjen, men hadde linjedommarar vore med denne kampen haddenok målscorararen blitt vinka av med klar margin. Sju minutt seinare utliknaFolkestad igjen. Joachim Røyset slo presist innfrå sida og Folkestad headavakkert i lengste kryss. Dermed 2-2. Det siste kvarteret før pause var liteinnhaldsrikt. Vi noterte ingen sjansar til nokon av laga.
I 2. omgang hadde Hareidmeir eller mindre full kontroll. Men det vart ikkje skapt veldig mange sjansar.Tore Bjørge Mjønes banka eit frispark i vinkelen og ut (via keeper), ØrjanEngen Grimstad fekk ikkje klaff på si avslutning frå god posisjon, medan OleAndré Kragset var altfor uegoistisk då han burde klinka ballen i mål frå sjumeter.
Men målet kom til slutt.Etter 80 minutt plasserte Grimstad eit frispark frå 20 meter presist tilvenstre for Vartdal-keeperen. Dermed vann Hareid 3-2.
På plussida fekk mangeviktig kamptrening før haustsesongen startar fredag. På minussida spelte Hareidi lange periodar altfor omstendeleg og lite presist.
Emil Johannes DahlenFolkestad vart dagens mann med sine to scoringar. I tillegg kom Howlid, Rise ogGrimstad bra frå det som stopparar. Både Rise og Grimstad fekk også prøve seg imidtbaneleddet. Mange av dei offensive spelarane leverte under pari.
Ref. HIL
NB. Hareid opnar4.-divisjonshausten med heimekamp mot Blindheim fredag.
TreningskampHareid - Vartdal 3-2 (2-2)Hareid stadionCa. 15 tilskodararMål Hareid: Folkestad (2), Grimstad)Dommar: Richard Martin Hunstad, Hjørungavåg ILIngen kortHareid (4-4-2): Håkon Lonbakken (Vagn Scheide Mork 46), HonarAlipoor (Antoni Gardshol 46), Eiliv-Tore Howlid, Ørjan Engen Grimstad (K) (IvarAndré Aadland 46), Joar Møller (Ole André Kragset 46) - Fredrik Andresen,Marius Rise, Joachim Røyset (Ørjan Engen Grimstad 67), Tore Bjørge Mjønes -Hiwa Alipoor (Venthan Ketheeswaran 61) - Emil Johannes Dahlen Folkestad (GeorgEikrem Olsen 46).