No viser det seg at det verserer litt ulike statistikkar for denne øvinga i Møre og Romsdal - og at dette likevel ikkje er ny krinsrekord.

Rekorden tilhøyrer Hildegunn Holten frå Ulvungen og vart sett i Fredrikstad i 1996. Tida hennar var 61.29.

Uansett gjennomførte Marthe Mjøen Berg frå Dimna eit veldig godt løp med klar personleg rekord som det også vart skrive om på friidrett.no.