13 år gamle Kevin Wingsternes Svarstad frå Hareid IL held fram si lovande sesonginnleiing. Under Sparebank 1-leikane i Ørsta i dag sprang han inn til tida 1.35.88 på 600-meter. Det er årsbeste i Norge i denne klassen.

Han slo også Runar Heltne sin klubbrekord på 1.37.2, melder trenar Ådne Elvanes.

Kevin vann også høgdekonkurransen i sin klasse (1.48).