Mangekamp-utøvaren og stortalentet Karsten Warholm frå Dimna IL blei tysdag tildelt stipendet på 25.000 kroner og eit fat av Volda-kunstnaren Yngvil Birkeland. Sparebanken 1 Søre Sunnmøre meiner dei har plukka ut ein særs verdig prisvinnar.

- Vi håper at dette stipendet kan bidra til å inspirere han vidare, seier avdelingsbanksjef Lillian Kleven Breivik i ei pressemelding.

Warholm tok turen innom kontoret til Sparebanken 1 i Ulsteinvik, der det var ei uformell markering og ein prat med dei tilsette.

- Idrett som kostar

Karsten blei som kjent verdmeister i mangekamp i U18-VM i Ukraina i fjor. Ungguten seier han ynskjer å satse vidare på friidrett, men at dette krev ein solid økonomi.

- Friidrett er ein idrett som kostar, spesielt når ein driv mangekamp. Berre i år har eg investert i 7 par piggsko, seier Warholm i pressemeldinga, og legg til:

- Skal ein få optimale treningsforhold må ein også reise vekk i periodar, dette er ikkje mogleg utan eit visst økonomisk grunnlag. Eg er difor svært takksam for dei midlane eg no har fått frå banken.

Avdelingsbanksjefen passar på å skryte litt ekstra av stortalentet.

- Karstein er ein veldig god representant for regionen vår, og vi gledar oss til å følgje med han vidare.