Lokale utøvarar kapra to gull, eitt sølv og tre bronsemedaljar under laurdagsøvingane i Veidekkelekene i friidrett på Lillehammer.

Tobias Skavnes Våge frå Dimna IL og Kevin Olai Wingsternes Svarstad frå Hareid IL tok gull.

Tobias vann 110 meter hekk i klasse 17 år på 15.78. Kevin Olai Wingsternes Svarstad (13 år) vann høgdehopp på 1.60 (han sette dermed ny aldersrekord i Hareid IL. Den gamle hadde Kristoffer Hasfjord på 1.55). I tillegg tok han bronse i kule (3 kilo) med eit støyt på 8.62.

Hallbjørn Hasund Thorseth frå Dimna IL tok sølv på 110 meter hekk (men med litt høgare hekkar enn Tobias) i klasse 18/19 år på 16.20.

Så har Sander Ringstad Kanestrøm frå Dimna IL teke bronse i spydkast (700 gram) i klasse 16 år med eit kast på 47,93. Bronse fekk også Synne Stokkevåg Berg frå Dimna ved å hoppe 5.05 i lengde i 15-årsklassa. Dessverre hadde ho litt for sterk medvind til at resultatet kan godkjennast.

Veidekkelekene held fram søndag.