Haddal Idrettslag søkte staten om 1 303 812 kroner til kunstgrasbanen på Solsida. Men fordi det er for lite pengar i den statlege potten, er tildelinga berre på 745 709 kroner.

Cato Eiksund Rogne som er leiar i Haddal IL fortel til Vikebladet Vestposten at dei vart skuffa. – Det blir som eit lotteri, kommenterer han.

Får støtte frå Klinge

Jenny Klinge, stortingsrepresentant for Senterpartiet, vil engasjere seg i denne saka.

– Det er ikkje akseptabelt at Haddal IL skal tape 615 000 kroner på den nye kunstgrasbanen på Solsida stadion fordi det er avsett for lite pengar til momskompensasjonsordninga, seier ho og meiner regjeringa må stille med dei pengane som må til. – Det er avgjerande at idrettslaga kan kjenne seg trygge på dei ordningane som finst, meiner ho.

Rogne vart positivt overraska då han såg at Klinge engasjerer seg i denne saka. Han håpar ho når fram, men vil ta det som ei positiv overrasking om der kjem meir pengar. Inntil vidare vil idrettslaget samla inn pengane dei no manglar.