Benjamin Mork Kleppe har signert a-kontrakt med Hødd.

19-åringen (bursdag i dag) har spelt tre førstedivisjonskampar for Hødd. For å kunne spele fire kampar må ein ha proffkontrakt. Og det har Kleppe no fått. Dermed kan han vere aktuell til tysdagens heimekamp mot Kristiansund BK.

- Benjamin kom til Hødd frå Hasundgot som 13-åring og kan fylle rollene både som kant og spiss. Ein spennande spelar som har hatt god utvikling denne sesongen, og som vi håper vil ta nye steg i tida framover, seier sportssjef Andre Nevstad til Hødds si nettside.