Godt i siget etter ein knusande 7-0 siger mot Florø 2 for fem dagar sidan ønskte Hødd å ta skalpen på endå eit andrelag då Sogndals reservar gjesta Ulsteinvik denne helga. Sist laga møttest valsa sogningane over Hødd med heile 6-1 på Fosshaugane i den første seriekampen i vår.

– Vi lærte litt av den kampen. Då låg vi veldig høgt i banen og fekk ein del ballar i bakrom. No la vi oss litt lågare, spesielt etter vi scora. Det var litt bevisst, og då fekk vi eit betre resultat. Det hadde litt med det å gjere også, forklarar trenar Einar Magne Skeide.

For spissen Michael Karlsen ser ut til å ha funne litt meir tilbake til sitt gamle seg og sørgja for at Hødd fekk ein kjempestart på kampen. Trønderen brukte nemleg mindre enn eitt minutt på å markere seg.

Medan folk framleis heldt på å setje seg ned på tribunen stod det dermed 1-0 på Høddvoll – takka vere trønderens fjerde mål på fem kampar før Hødd 2 denne sesongen.

Sogndal-dominans

Men etter scoringa vakna gjestene frå «saftbygda». Hødd-keeper Ole-Monrad Alme, som bar kapteinsbindet før høvet, vart testa både ein og to gonger i løpet av dei første 10-15 minutta, men sisteskansen gjorde sakene sine bra og heldt buret reint inntil vidare.

Så, like før pause, skulle bortelaget til slutt få løn for ballinnehavet sitt. På Grodås si venstreside fekk Sogndal avslutta mot keeper Alme. 19-åringen fekk halvvegs avverja skotet, men returen hadde god retning mot målet bak seg. I eit forsøk på å klarere ballen på streken var Karl Bringsvor uheldig og forlenga kula inn i sitt eige mål.

1-1 like før dommar Mathias Smestad sende dei to laga i pausen.

Kvittrøyne var også det beste laget i før halvdel av den andre omgangen og skapte ein handfull farlege sjansar mot Hødd-målet. Vertane slapp derimot unna skrekken i 15 minutt, før baklengsmål nummer to skulle kome.

«Flo-pasning»

Mange kjenner nok til uttrykket Flo-pasning, og det var også det som snudde kampen for Sogndal. Eit langt innlegg frå bortelagets høgreside trefte perfekt på hovudet til Fredrik Flo, som er son til Håvard Flo. Ballen gjekk i ein elegant boge over Alme og inn i det lengste hjørnet.

Då valde Hødd å gjere litt byter, men den store effekten let vente på seg. Det såg lenge ut som at Sogndal skulle få med seg alle poenga, men så byta Skeide inn gutespelaren Bastian Rasmussen.

– Bastian kom inn og det første han gjorde var å vinne ballen og setje opp Bendik. Det var også eit flott skot av Bendik (Rise), seier ein glisande Hødd-trenar.

Og Skeide har god grunn til å vere nøgd. Etter å ha fått ballen frå Rasmussen nokre få sekund før full tid, banka Rise ballen kontant opp i det lengste hjørnet og sikra at i alle fall eitt poeng vart att på Høddvoll.

Viktig scoring

Den scoringa betyr at Hødd beheld avstanden på fire poeng ned til Sogndal. Det meiner Hødds trenar var eit «fair» resultat.

– Eg synest det var fortent. Sogndal er vel best i store delar av kampen, og har vel mest ballen. Men eg synest vi kom litt meir mot slutten og det var fortent at vi scora på tampen, meiner Skeide om poengdelinga, og legg til at det var veldig godt å unngå tap mot nettopp Grodås og co.

– Det er viktig dersom vi skal gå for dei 4-5 øvste plassane på tabellen at vi legg Sogndal 2 bak oss. Derfor var det viktig å få det eine poeng på slutten.

KAMPFAKTA

3. divisjon avdeling 8

Hødd 2 – Sogndal 2 2-2 (1-1)

Høddvoll

Ca. 70 tilskodarar

MÅL: 1-0 Michael Karlsen (1), 1-1 Karl Bringsvor (sjølvmål) (45), 1-2 Fredrik Flo (60), 2-2 Bendik Rise (90)

Dommar: Mathias Smehus Kringstad, Valder IL – 5

Gult kort: Henrik Navarsete, Joar Hoberg, Sogndal

Hødd: Ole-Monrad Alme – William Fjørtoft, Bendik Rise, Martin Mork Breivik, Karl Bringsvor – Peter Hasund, Sander Djupvik, Sveinung Tilseth – Håkon Brautaset, Michael Karlsen, Isak Haanes

Innbytarar: Ståle Pettersen, Bastian Rasmussen, Gustav Dimmen, Amanuel Hagos, Bam Hide, Mattis Ringstad