OL i Rio de Janeiro nærmar seg, og det same gjer firenasjonarsturneringa i handball i Ulsteinhallen. Frå 21. til 24. juli skal dei norske Handballjentene lade opp til OL med kampar mot Frankrike, Spania og Romania i Ulsteinhallen. Handballjentene kjem til Ulsteinvik allereie 18. juli.

Men det er ikkje berre i Ulsteinhallen det blir aktivitet i samband med turneringa. Fredag 22. juli arrangerer IL Hødd handball turnering i beach-handball i Saunesparken.

– Alle aldersgrupper er velkomne og vi håper at folk vil utfordre vener eller kollegaer til å stille lag. Ein treng berre vere seks personar på kvart lag. Kampane varer i to gonger sju minutt, fortel Kari Janne Andersen i arrangementsgruppa i Hødd handball i ei pressemelding.

Det blir lagt opp til at spelarane kan "showe" litt ekstra sidan luftspel og piruettar gir ekstra poeng. Hødd handball stiller med deltakarpremie til alle som er med på turneringa.

Påmeldingsfristen er allereie onsdag denne veka.