Både gute- og jentelaga til Dimna IL gjekk til topps. Siger vart det også til herrelaget, medan damelaget vart nummer to etter Ørsta IL. Hareid IL stilte også lag i gute- og jenteklassene. Dei blei nummer to bak Dimna IL i begge klassene. Ørstastafetten blir arrangert som ein tradisjonell 1000 m stafett der første etappa er på 100 m, 2. etappa 200 m, 3. etappa 300 m og 4. etappa 400 m. SPENNANDE JENTESTAFETT I jenteklassa vart det eit klassisk oppgjør mellom Dimna IL og Hareid IL. På dei to første etappane stilte Hareid IL med litt eldre utøvarar enn Dimna IL og opparbeidde seg ei lita leiing. På 3. etappa var det Dimna sin tur med ein eldre utøvar. Jenny Stokkevåg Berg tok opp jakta på Hareid IL sin løpar og veksla 10 meter føre Hareid på siste veksling. Anna Håbakk Djupvik tok opp jakta på Camilla Nesset frå Dimna. Etter 100 m av den siste etappa på 400 m tok Anna over føringa. Men Camilla låg i ryggen heilt til oppløpsida. På oppløpsida var det Camilla som hadde mest krefter og sikra Dimna IL ein klar seier. DIMNA SUVERENE OGSÅ I GUTEKLASSA Også i guteklassa vart det siger til Dimna IL føre Hareid IL. Markus Gjerde og Joakim Gustavsen løp Dimna opp i tet på dei to første etappane. På den tredje etappa på 300 m tok Karsten Warholm over. Han auka leiinga, og veksla 20 meter føre Hareid IL. På den siste etappa var det ingen som kunne halde følgje med Hallbjørn Hasund Thorseth, som løp ein sterk 400 m og sikra Dimna IL sigeren føre Hareid IL sine to lag, som tok 2.- og 3.-plassane. GODE TIDER I HERREKLASSA I herreklassa tok Dimna IL sin 3. siger for dagen. Brage Dimmen tok teten på første etappa. Ingen klarte å halde følgje med Henrik Overvåg som løp ein sterk 200 m. Tredje etappa på 300 m var det Anders Odden Pedersen som hadde. Han auka leiinga før Martin Haddal Sæther kunne sikre sigeren 5 sekund føre Ålesund FIK på den siste 400 m etappa. Herrelaget fekk også ei sterk tid. 2.05,98 er ikkje langt frå juniorkretsrekorden. ØRSTA BEST I DAMEKLASSA I dameklassa vart Ørsta IL sitt lag litt for sterke for Dimnajentene. Dimna tok leiinga på dei to første etappane med Marthe Mjøen Berg og Renate Grimstad. På dei to neste etappane hadde Dimna IL Maria Vattøy og Maria Ringstad. Dei likar seg nok best når løpet er ein del lenger enn 300 og 400 m. Maria Vattøy heldt unna for Ørsta-jenta Maren Nordang. Men på siste etappe hadde Ørsta raske Aina Opsal Bakke, som umiddelbatr tok opp jakta på Maria Ringstad. Maria klarte ikkje å halde følgje med Aina, som dermed sikra Ørsta sigeren. På oppløpet blei det hard kamp mellom Dimna IL og Ålesund FIK om sølvmedaljen. Dimna tok denne med minst muleg margin. HAREID VANN OPEN KLASSE FOR FORELDRELAG I open klasse var det i utgangspunktet ikkje meldt på noko lag. Men ein del spreke foreldre ville gjere noko med dette. Med lånte treningskle og sko kom det eit lag frå Hareid IL og to Dimna IL lag til start. Hareidlaget tok sigeren føre Dimna IL sine to lag. Resultatlister: Jenter 11-14 år: 1) Dimna 2.46.61 - 2) Hareid II 2.49.42. - 3) Ørsta 2.58.30 - 4) Ørsta II 3.08.35 - 5) Hareid 3.10.28 - 6) Valder 3.22.67. Gutar 11-14 år: 1) Dimna 2.26.64 - 2) Hareid 2.35.42 - 3) Hareid II 2.37.60 - 4) Dimna III 2.50.41 - 5) Ørsta 2.57.05 - 6) Dimna II 2.58.59 - 7) Valder 3.00.88. Jenter over 15 år: 1) Ørsta 2.27.27 - 2) Dimna 2.29.39 - 3) Ålesund 2.29.43 - 4) Dimna II 2.41.33 - 5) Ålesund II 2.44.41. Gutar over 15 år: 1) Dimna 2.05.98 - 2) Ålesund 2.10.69 - 3) Valder 2.15.11 - 4) Dimna II 2.20.64 - 5) Ørsta 2.35.34 - 6) Ålesund II 2.49.95. Open klasse: 1) Hareid 2.35.85 - 2) Dimna 2.57.07 - 3) Dimna II 2.58.19. * Det vart også avvikla ein rekruttstafett over 4 x 100 meter. Her deltok 10 lag. Ørsta fekk best tid (1.07.84) med Valder på 2.-plass med 1.08.86. Dimna sitt lag vart nr. 5 med 1.14.84, medan Hareid vart nr. 6 med 1.17.36.
Sport →
Dimna-trippel i Ørstastafetten
Dimna IL markerte seg sterkt med tre 1.-plassar og ein 2.-plass i Ørstastafetten søndag.