– Med stort og smått reknar vi med å ha hatt rundt 10.000 menneske innom dørene under årets Tare-cup, seier Per Arve Moldskred som er avdelingssjef for breiddefotballen i Hødd.

Det er dei som står som arrangørar av dette kjempearrangementet og Tare-cup er, i tillegg til sponsorinntekter, den viktigaste inntektskjelda til breiddefotballen i Hødd.

Moldskred fortel at denne 16. turneringa i rekka har gått veldig bra, sjølv om det har vore svært hektisk.

– Det har vore spelt kampar frå ni om morgonen til åtte om kvelden både laurdag og søndag. Det vert spelt seks kampar samstundes og kvart 20. minutt startar det nye kampar. Vi har rekna ut at det vert spelt 18 kampar i timen, fortel Moldskred. I alt har det vore spelt 400 kampar i løpet av dei to dagane, fordelt på 256 lag frå både Sunnmøre og Romsdal.

– Interessa for å bli med på turneringa er stor. Vi har nådd eit mettingspunkt når det gjeld speletid, så vi har faktisk ikkje plass til fleire og har diverre vore nøydde til å seie nei til nokre lag.

Den største

Turneringa, som er den største innandørsturneringa for born mellom 6 og 12 år i heile Møre og Romsdal, går føre seg i Sparebanen Møre-arena i Ålesund som er den einaste hallen i distriktet som har kapasitet nok til å huse eit arrangement av denne storleiken.

Moldskred fortel at ei av dei største utfordringane er å forflytte alle dei frivillige som er med på å gjere dette arrangementet mogleg.

– Men folk syner stor velvilje. Dugnadsånda er høgst oppegåande, seier Per Arve Moldskred som fortel at nesten 150 frivillige har vore i sving. Dette er foreldre i tillegg til spelarar frå dei litt eldre årsklassene.

Nokre har vore dommarar, medan andre har stått i kiosken. Ifølgje Moldskred har det gått med 90 kilo brudevollmór og 200 kilo pølser for å mette svoltne magar.

A-lagskamp inga hindring

Han fortel at han var litt spent på korleis det ville slå ut på frammøte og innsats hos dei frivillige at Hødd skulle spele kvalik-kamp samstundes som Tare-cup gjekk føre seg.

– Men det fungerte ypparleg. Folk har møtt opp og vore med på å ta det ansvaret dei skulle.

Parallelt med at det vart spelt kampar i hallen vart kampen mellom Hødd og Jerv synt på storskjerm.

– Stemninga datt nok nokre hakk etter at det vart klart at Hødd tapte, men det er ingen grunn til å henge med hovudet. Hødd er så mykje meir enn A-laget og det er veldig mykje positivt som skjer. Og utan nedturar kan ein jo heller ikkje glede seg over oppturane, trøystar Moldskred.