Sist tysdag arrangerte Den norske turforeininga (DNT) avdeling Sunnmøre/Ålesund tur til Melshornet for 8.-klassingane i Hareid, Ulstein og Herøy.

Etter turen vart ein heldig vinnar trekt ut til å bli med på DNT Ung si 25-årsfeiring på Reindalssetra (Tafjordfjella) i august. Det inkluderer fire dagar med turar til Svartegga, Naushornet og Fieldfarehytta, i tillegg til ei rekkje andre aktivitetar.

Vinnaren vart Lisa Hareide frå 8B ved Ulstein ungdomsskule. Vikebladet Vestposten vart med då rektor Øystein Johansen delte ut premien måndag morgon.

Det var knytt spenning til om det vart ein friluftsinteressert person som ville vinne premieren, og det vart det heldigvis.

– Eg veit allereie kven eg vil ha med meg på turen, strålte Lisa.