Etter ein imponerande 2012-sesong for Hødd, krona med storspel i cupfinalen, valde Ørjan Håskjold Nyland å prøve lukka i Molde.

Det har ikkje gått så bra med dei regjerande seriemeistrane så langt i år. Men om ikkje anna fekk Nyland endeleg Tippeliga-debuten då Molde spelte 1-1 borte mot Start i går.

Etter at Espen Bugge Pettersen vart skadd i andre seriekamp fekk svensken Ole Söderberg sjansen som førstekeeper. Nyland har vore målvakt i begge cupkampane hittil, og spelte så godt mot Byåsen sist veke at Ole Gunnar Solskjær gav han sjansen frå start mot Start.

PS. Ørjan Håskjold Nyland er som venta tatt ut til U21-troppen som skal spele EM i sommar.

Les også:

* Romsdals budstikke om kampen

* Hødd møter Molde

* Banens beste

* Årets spelar