iTromsø tysdag melde at Moldskred var ferdig i AGF Århus starta spekulasjonane om kor vidt ein overgang til ungdomsklubben Hødd kan vere aktuelt. Men i samtale med Vikebladet Vestposten seier Morten Moldskred at han ikkje er ferdig i dansk fotball.

– Kven har sagt at eg er fristilt i Århus, spør Morten.

– Agenten din Stig Lillejord er sitert på det i ei nettsak.

– Det stemmer ikkje. Eg har ikkje snakka med agenten min på lenge heller. Kontrakten min her i Århus går ut til sommaren.

Hødd lite sannsynleg

Morten Moldskred spelte for Hødd til og med 2001-sesongen. Så gjekk ferda vidare til Moss (2002), AaFK (2003-2005), Tromsø (2006-2009), Rosenborg (2010-2011) og AGF Århus (2012). I tillegg kjem ni landskampar (og eitt mål). Opphaldet i Danmark har vore prega av skadar, men Morten fortel at han har vore skadefri i eit halvt år. Kampar har han derimot ikkje spelt sidan september.

– Kva er planane framover, Morten?

– Vi får sjå kva som skjer, men eg skal i alle fall spele fotball.

– Kan det vere aktuelt med ein overgang til Hødd?

– Det er lite sannsynleg. Eg har prata litt med André (Nevstad) no og då, men ikkje om ein overgang, fortel 32-åringen.

Romjulsfotball

Som uansett blir å sjå i fotballdrakt på Hareidlandet om ikkje lenge. Han er nemleg påmeldt Grendacupen i Hareidhallen 28. og 29. desember.

– Eg har ikkje vore med på eit par år no, så det ser eg fram til, seier Morten Moldskred.

Som er Grendacupens nest mestscorande gjennom tidene etter André Skotheim.

Les også:

* Magnussen aktuell?