Med KFUM på 4. plass og Hødd på 1. plass før kampen var oppgjeret på mange måtar ein toppkamp. Hødd hadde ein klar plan, forsvare eller helst auke luka ned til Skeid på andreplass. Det skulle gjerast på ei regn- og vindfull Høddvoll-bane.

Opna bestemt – men blei usikre

Hødd opna bestemt, og kommunikasjonen mellom lagdelane tydde heilt klart på at KFUM er eit lag dei blåkvite ikkje tek lett på.

Eit langt innkast frå Daniel Eid etter 5 minutt førte ballen inn i feltet, der både ein og to Hødd-spelarar prøvde å avslutte på mål. Begge forsøka gjekk diverre i motspelarar.

Hødd såg ikkje til å vere heilt på dei fyrste femten minutta på Høddvoll, tapte unødvendig mykje ball, og gav gjestane for mange sjansar til å kome seg framover i bana.

Straffescoring

Etter 17 minutt skjedde det som ikkje skulle skje. Ein KFUM-spelar var på veg gjennom, og i kamp med spelaren blei ballen spelt i armen til Eirik Haugan. Hødd og Haugan protesterte høglydt, men dommaren var sikker i si sak. KFUM skulle ha straffe. Robin Rasch var sikker frå kritmerket, og banka ballen i mål til 0-1 på Høddvoll.

Etter 22 minutt fekk Hødd frispark på KFUM sin banehalvdel, og Markus Naglestad banka den inn bak backrekka til «Kåffå». Der var ein av gjestane borti ballen, slik at den gjekk mot mål men akkurat sneik seg på utsida av stolpen. Nesten sjølvmål der altså.

Hødd var svært tamme fram mot halvtimen og såg ikkje ut til å ha den rette energien så langt i oppgjeret. Upresise gjennombrotspasningar, rot mellom forsvars- og midtbaneleddet og ei generell usikker stemning blant spelarane.

Etter 38 minutt la Markus Naglestad inn eit frispark som Steffen Moltu fekk pannebrasken på, men diverre gjekk headinga langt over mål frå den høgreiste gurskingen. Etter 42 minutt fyrte Moses Mawa av frå skrått hald, og Hødd sin sisteskanse Ole-Monrad Alme mått ut i full strekk for å dytte den til sida for mål.

Etter mykje fram og tilbake framfor KFUM-målet etter eit frispark eitt minutt før pause, fekk til slutt Bendik Rise avslutta på mål. Men, ein kvikk «Kåffå»-spelar fekk hovudet på ballen og avverja eit mål for Hødd.

Rask utlikning etter pause

KFUM gjekk rett i strupen på Hødd frå start av i andre omgang, og Hødd verka framleis litt usikre.

Heimelaget vann ballen etter kvart ballen, og gjekk framover. Markus Naglestad blei felt inne i feltet, og dommaren gjorde det einaste rette. Straffespark.

Naglestad stilte seg opp på kritmerket sjølv, og banka ballen i mål. 1-1 på Høddvoll etter 51 minutt.

Etter 53 minutt blei ballen spelt langt opp til Eirik Franke Saunes, som etter eit fantastisk nedtak sprang på mot mål. Diverre gjekk skotet hans litt til sida for stolpen – på utsida av målet.

Etter målet var det vesentleg meir sprut i beina på dei blåkvite.

«Kåffå» fekk frispark i rimeleg god posisjon etter 62 minutt, men heldigvis blei avslutninga etter innlegget for dårleg.

Etter 64 minutt fekk Eirik Haugen pannebrasken på eit kjapt innlegg frå Daniel Eid, men ballen gjekk diverre like utanfor mål.

Etter 65 minutt fekk KFUM ein kjempesjanse til å gå opp i leiinga. Fisnik Kastrati blei spelt forbi Moltu på skrå vinkel frå mål, og prøvde å trille ballen i lengste hjørne og forbi Alme. Alme hadde heldigvis god kontroll.

Med tjue minutt igjen på Høddvoll, var det heimelaget som hadde mest initiativ. Eirik Franke Saunes slo eit flott innlegg, lågt nede mot underlaget, fram mot innbytar Joachim Osvold etter 72 minutt. Osvold var litt for sein på denne. Men, i same minutt, litt etterpå, spelte Osvold seg fram og fekk avslutta. Keeper fekk akkurat slått den ut til hjørnespark.

Overtidssiger

Etter 77 minutt slo Daniel Eid inn mot feltet, men vinden førte den mot mål. Der fekk keeper akkurat sikra at den gjekk i tverrliggaren og ut.

Hødd pressa på etter vinnarmålet, og kom fram til fleire potensielt store moglegheiter. Men det stoppa litt når det kom til avslutningane.

Men det gjorde det ikkje då Markus Naglestad banka til, rett i mål via ein forfjamsa keeper, tre minutt på overtid. Med det sikra han tre nye poeng for Hødd.

Kampfakta

Hødd – KFUM Oslo 2-1 (0-1)

PostNord-ligaen avdeling 2

Høddvoll

Tilskodarar:

Dommar: Robert Eggen, Trønder-Lyn Idrettslag

Gule kort: Marius Hagen, Eirik Saunes (Hødd)

Mål: 0-1 Robin Rasch (18, str.), 1-1 Markus Kvame Naglestad (51), 2-1 Naglestad (90+3)

Hødd (3-5-2): Ole-Monrad Alme - Eirik Haugan, Henrik Malde Breimyr, Steffen Moltu - Daniel Eid, Joakim Wrele (A. Breimyr, 45), Marius Hagen, Bendik Rise, Eirik Franke Saunes - Magnus Myklebust, Magnus Kvame Naglestad

Innbyte: Benjamin Boujar, Preben Alexander Sætre, Robin Hjelmeseth, Andreas Malde Breimyr, Joachim Osvold, Håkon Botn Brautaset