- Eg hadde lova han ein bursdagsrekord, og det fekk han! sa Karsten Warholm til stadionspeakeren etter at han sprang i mål til norgesrekord på distansen 300 meter.

Warholm blei mellom anna spurd om ikkje han og milliardæren Trond Mohn skulle ete middag saman etter løpet, og kva det eventuelt skulle vere.

- Nei, kanskje eit godt stykke laks? sa Warholm flirande.

Som også sa at han såg på Mohn som ein kjernekar. Noko som ikkje er så rart at Warholm meiner, i og med at bergensaren har donert mange millionar av formua si over mange år til idretten i Norge.

Norges største friidrettsstjerner på plass

Norges største friidrettsstjerner var på plass på Fana Stadion onsdag kveld, for å heidre 75-årsjubilanten og milliardæren Trond Mohn, som hadde fått eit eige friidrettsstemne i gåve frå Norna-Salhus. Mohn fylte år 3. april, men var nok uansett veldig stolt over å kunne følgje med på eit stemne med hans eige namnetekke i tittelen.

Ingebrigtsen-brørne var på plass, men det var også Dimna IL-utøvar Karsten Warholm, som skulle springe den spesielle distansen 300 meter.

Norgesrekord

I bane nummer 6 skulle ulsteiningen prøve seg på norgesrekorden på distansen, som bergensaren Quincy Douglas sette i 1999 på tida 32,82.

Og rekorden fall! For på tida 32,69 passerte Warholm målstreken, og det til ny norgesrekord!

Bursdagsbarnet Trond Mohn kom sjølv ned på dekket og helste på den ferske norgesrekordhaldaren på 300 meter, Karsten Warholm. Foto: Claus Jacobsen.
Karsten Warholm fekk seg også ein klem med Mohn. Foto: Claus Jacobsen.