18-åringen reiser til England søndag og skal vere på treningsfeltet med A-laget til klubben i heile neste veke. Nyland har fleire kampar på aldersbestemte landslag. Dagleg leiar Andre Nevstad i Hødd seier at klubben er svært positiv til Nyland sitt opphald i Premier League-klubben.