Det vart tre spennande finalekampar for det store publikummet. Først ut var ungdomsklassa, der FC Ongt og Black Kings hadde spelt seg fram til den avgjerande finalen. ”Ongt” var store favorittar, men fekk hardare motstand enn venta. Black Kings meinte seg snytt for 2-3 mål – og kunne faktisk ha gått opp i ei tomålsleiing i siste halvdel av kampen. Men i staden for å få godkjent ei 4-2-skoring gjekk "Ongt" direkte opp og utlikna til 3-3. Deretter gjorde favorittane kort prosess og vann til slutt 6-3. Ongt-spelar Christian Mork vart toppskorar med 26 mål – og så mange mål har ingen skora i denne turneringa nokon gong. Han fekk då også både toppskorarprisen og prisen som beste splelar i denne klassa. I dameklassa spelte BordEllen og CAM åjes seg fram til finalen. I ein kamp som heile tida stod og vippa var det BordEllen med Erika Skarbø som sisteskanse som trekte det lengste strået. Ingvid Elde skora det avgjerande 4-3-målet på ”brå død” (sudden death på norsk) i finalen. Martha Helvig (CAM åjes) vart kåra til turneringa sin beste damespelar, medan Astrid Elde (BordEllen) fekk toppskorarpokalen. Dei to finalelaga var dominert av tidlegare og noverande Hødd-spelarar. I herreklassa heldt det altså heilt inn for ”Kem lede?”, som hadde vore heller rufsete i innleiingsspelet. Men søndag var Harald Åsland Riise og Preben Hestad med i rekkene – og det hjelpte. ”Kem lede?” slo ut sterke Bromlemix i semifinalen. I finalen vann dei 3-2 over Holemix, som fekk herreklassa sin toppskorar i Lars Roar Holstad, som delte prisen med André Skotheim, som laga like mange mål for Scotty’s Nightmare (som tapte for Holemix i semifinalen). Vinnarlagets Roy Inge Brandal vart kåra til turneringa sin beste herrespelar. Han spelar til dagleg 4.-divisjonsfotball i Lokomotiv Oslo.
Sport →
Grendacupen: ”Kem lede?” leda heilt inn
”Kem lede”, ”BordEllen” og ”FC Ongt” vart vinnarane av den 15. Grendacupen, som gjekk i Hareidshallen søndag og måndag.