Hødd 2 tok ein oppskriftsmessig 4-1-siger over Valder i kveld på Høddvoll Kunstgras. Hødd sine nest beste hadde lite å spele for, men Valder måtte vinne skulle dei halde liv i håpet om ein ny sesong i 3.-divisjon.

Hødd opna best og fekk putta to mål før pause. I andre omgang var Valder betre med, men eit effektivt Høddlag scora ytterlegare to gonger. Adrian Blindheim stod for Valder si scoring.

For Hødd scora Robin Hjelmeseth (2), Martin Haanes og Ole Andre Ringstad.

Hødd hadde også to annulerte scoringar, der i alle fall den eine burde vore godkjent.