Ådne Andersen frå Hareid IL, som tok UM-gull både på 800-meter og 1500-meter innandørs i vinter, slo til med ein god 400-meter under Framolekene i Bergen i dag.

Han fekk tida 50.01. Det heldt til sølv i klassen menn senior. Andersen (20 år) prøvde seg også på 100-meteren, der han vart nummer fem med tida 11.54.

Karsten Warholm frå Dimna IL hadde fleire gode resultat i Framolekene både fredag og laurdag. Også i dag gjorde han det godt. VM-klare Warholm sette ny pers på 100-meter med tida 10.84. Det heldt til andreplass i sin klasse. Andreplass vart det også i lengdegropa, der Warholm hoppa 7.40 meter. Ifølgje trenar Arve Hatløy hadde Warholm lengre hopp som ikkje vart godkjende.

Vi kan også nemne at Joakim Sundgot Gustavsen (Dimna IL) gjorde comeback etter ein skadeperiode. Han fekk ei grei tid på 400-meter; 52.76.

13-åringen Kevin Wingsternes Svarstad frå Hareid IL tok tredjeplass på 1500-meter fredag (4.56.85), men stod over 600-meteren søndag grunna ein skade.

Meir om dei lokale utøvarane sine prestasjonar i Framolekene kjem i tysdagsnummeret.