HØDDVOLL: Tysdag spelar Hødd ny heimekamp mot Kristiansund BK. Då får Hødd tilbake ei rekkje spelarar som stod over Tromsø-kampen sist veke. Det gjeld i alle fall Eirik Ulland Andersen, Aslak Falch og Victor Grodås. Kanskje også Robin Shroot, som skal spele éin omgang i andrelagskampen mot Årdal i ettermiddag. Franjo Tepuric er også aktuell for speletid mot KBK. På minussida står Fredrik Aursnes over med tre gule kort, medan Vegard Heltne framleis slit med strekken han fekk mot Tromsø.

Vi stakk innom Hødd si morgonøkt laurdag. Frå 1. mai til 1. juni spelte Hødd heile ni kampar, så det er ingen tvil om at eit litt rolegare kampprogram kjem godt med.

- Heilt klart. Det ser veldig bra ut no. Vi har hatt mykje energi og kvalitet på treningsfeltet. Spelarar har kome tilbake frå skadar, og det betyr at større konkurranse om plassane. Eg trur det kan smelle på Høddvoll tysdag, seier ein optimistisk Hødd-trenar Sindre Eid.

Det er igjen tre kampar før sommarpausen (KBK, Sandefjord, Ull/Kisa). Eid håper å plukke så mange poeng som mogleg desse kampane, slik Hødd legg seg i ein god angrepsposisjon på tabellen før del to av sesongen.

- Noko spesielt de har trena på denne veka, Sindre?

- Vi har hatt ein del avslutningstrening. Dessutan har vi endeleg fått spelt ein del med høg intensitet. No tek vi fri i morgon (søndag), før vi skal sjå meir på det taktiske på måndagstreninga, seier Hødd-trenaren.