Tidlegare i juni delte trimgruppa til IL Hødd ut premiar for fjelltrimmen i sesongen 2013-2014 ved Lisjevatnet.

Arne Flatin var den store poengsankaren med 4103 poeng, som er ny rekord i fjelltrimmen. For å setje dette i perspektiv kan ein nemne at ein enkelt tur på Melshornet gjev 12 poeng og ein tur på Mosvarden gjev 8 poeng. Arne fekk dermed eit napp i vandrepokalen. Men, for å få den til odel og eige må han få flest poeng tre gongar.Han hadde i tillegg 300 besøk på minitrimpostar. Hovudpersonen sjølv hadde i utgangspunktet ikkje vandrepokalen som noko mål.– Eg prata med Lindor og spurde kor mange poeng det var på dei ulike postane. Eg hugsar nokre sa at rundt 2.000 poeng var mykje, så eg sette meg eit hårete mål om å klare det. Eg såg vel allereie i september eller oktober at eg ville passere den grensa, seier Arne Flatin.– Vil halde meg i formFlatin måtte justere målsetjingane sine nokre hakk, og ved årsskiftet klatra han over 3.000 poeng. Den gamle rekorden til Sverre Sylte på 3677 poeng gjekk han forbi i februar. Han enda til slutt på mildt sagt imponerande 4103 poeng.– Den viktigaste motivasjonsfaktoren for meg er halde meg i form.Nokon ny rekord neste år kan han avkrefte med éin gong.– Nei, no skal eg roe litt ned, seier Flatin.Fekk pokal for 30 årOddbjørn Flø fekk 30-årspokal for deltaking med over 100 poeng per år, 30 gongar.Den mest besøkte posten i år, som tidlegare, var Hasundhornet. Populære postar er også Skafjellet, Garnestua og Kiberget.Trimgruppa i IL Hødd, ved Lindor Skeide og Karsten Starheim ynskjer vidare å takke alle som deltok i året som gjekk og ynskjer vel møtt til ein ny tursesong.

IL Hødd fjelltrim 2013-2014

Resultat - i utval:

8-15 år:

1. Patrick Longva Veddegjerde, Hareid. 363 poeng. 2. Amalie Hong Hansen Koppen, Hareid. 230 poeng.

16-59 år:

1. Arne Flatin, Ulstein. 4103 poeng. 2. Anne Karin Holstad, Ulstein. 3238 poeng. 3. Jonny Holstad, Ulstein. 1805 poeng. 4. Odd Elvanes, 1011 poeng. 5. Nancy Bergseth, Ulstein. 805 poeng.

60-69 år:

1. Svein Eiksund, Ulstein. 930 poeng.

70 +:

1. Sverre Sylte, Ulstein. 2280 poeng.